
Langrennsjentene sin eks-trenar får ny jobb
Egil Kristiansen slutta for kort tid sidan som trenar for langrennsjentene. Men han legg ikkje skia heilt på hylla.
Egil begynnar nemleg som trenar for det norske landslaget i skiskyting.
No skal han hjelpa Bjørndalen og brørne Bø med å ta medaljar.
Egil var trenar for langrennsjentene i 10 år og syns det var trist å slutta.
Langrennsjentene syns òg det var trist å mista Egil som trenar. Dei seier han er mykje av grunnen til at dei er så gode.
No kan skiskyttargutane gleda seg over å få Egil som trenar.
Sak frå TV 2.