Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

«Does Agnete even exist?»

$
0
0
Mange sakna Agnete under opninga av Melodi Grand Prix. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

«Does Agnete even exist?»

Mange reagerte då Agnete ikkje var å sjå under opninga av Melodi Grand Prix på søndag.

Agnete har heile tida gjort det klart at ho ikkje vil delta på noko raud løpar eller pressekonferansar før konkurransen. Ho har sagt at ho ikkje vil delta på så mykje oppstyr før konkurransen fordi ho er redd for helsa si.

Melodi Grand Prix-håpet vårt har tidlegare forklart at ho ikkje er heilt frisk. Nokre gonger blir ho veldig lei seg utan at ho veit kvifor. Difor vil ho ikkje utsetja seg sjølv for meir press enn det som er nødvendig før delfinalen på torsdag.

Sjølv om mange har sendt støttemeldingar til Agnete, var det ikkje berre godord som kom på søndag.

"Kvar er Noreg? Finst Agnete i det heile teke?"

"Agnete skulle ha blitt heime og latt nokon andre representera Noreg"

Heldigvis seier dei som arbeider med Agnete at det ikkje er så mange av desse meldingane.

No vil Agnete fokusera på å gjera det best mogleg på torsdag.

Kva plass trur du Agnete kjem på?

Sak frå VG. 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858