
Kon Tiki 2 har kasta loss
1.november forlot flåtene Rahiti Tane og Tupac Yupanqui Peru.
Det er snart 60 år sidan Thor Heyerdahl kryssa Stillehavet med flåta som han kalla Kon Tiki.
Kon Tiki-ekspedisjonen gjekk frå Peru til Polynesia - over 8000 km på ope hav.
No har to nye flåter lagt ut i same farvatn som Heyerdahl. Ekspedisjonen kallar dei Kon Tiki 2.
Desse to flåtene skal prøva på noko som ingen har gjort før dei - i moderne tid.
Medan Heyerdahl og andre eventyrarar har segla til Polynesia, er det ingen som har prøvd å segle tilbake igjen.
Det skal Kon Tiki 2-ekspedisjonen prøva på.
Det gjer dei for å syna at sjøfolk i gamle, gamle, gamle dagar faktisk kunne segla begge vegar over verdshava.