
Skal tenna OL-ilden
Prinsesse Ingrid Alexandra får ansvaret, når OL-ilden på ny skal tennast på Lillehammer.
I februar startar Ungdoms-OL på Lillehammer.
Førre gong det var vinter-OL i Noreg var i 1994. Den gong var det Kronprins Håkon som tente OL-ilden.
Nøyaktig 22 år etter pappaen sin, skal Prinsesse Ingrid Alexandra få det ærefulle oppdraget å tenna ilden som skal brenna dei ti dagane Ungdoms-OL foregår.
Dette blir Ingrid Alexandra sitt første internasjonale oppdrag.

OL-ilden
Det er ein gamal tradisjon at OL vert opna ved at ein tenner ein stor fakkel som skal brenna så lenge OL varar.
Ilden som skal tenna OL-fakkelen på Lillehammer har ein lang tur framføre seg.
Fakkelen vert nemleg tent allereie 1.desember i Hellas.
Vidare skal ilden reisa frå Finnmark i nord og nedover i landet. Etter nokre månadar skal ilden enda opp på Lillehammer - der Ingrid Alexandra skal ta siste etappe og setja fyr på den store fakkelen.
Kjenner kanskje du nokon som skal bæra OL-fakkelen?