Marcus er verdas beste 16-åring på snowboard
Marcus Kleveland gjorde eit av verdas vanskelegaste snowboardtriks som 13-åring. No er han blitt 16 år og sjokkerar snowboardmiljøet igjen!
For forrige veke klarte Marcus å lande trikset han har drøymd om i tre år.
Han tok ein trippel baklengs salto mens han snurra 4,5 gonger rundt seg sjølv - eller "Triple Cork 1620" som det også heiter.
- Det var ein heilt sjukt god følelse å få til dette, seier Marcus.
Fyrste sesong på heiltid
Det er fyrste sesong Marcus skal køyre snowboard for landslaget på heiltid. Forventningane til han er høge.
- Han er eit naturtalent utan like, og per i dag er han verdas beste 16-åring, seier landslagssjef Thomas Harstad.