Aldri før sett sola så nære!
Den nye videoen NASA har lagt ut viser kor kraftig sola eigentleg er.
Den 30.minutt-lange videoen viser sola i ekstrem høg oppløysing, og er sett saman av mange bilder frå satelittar ute i verdsrommet.
Slike videoar er viktige for oss. For av og til eksploderar delar av sola. Det får effektar for oss her på jorda.
Denne veka vart for eksempel flyplassen i Sverige stengt på grunn av solstormar som forstyrra flyradaren.
- Med videoar av sola kan me forstå sola og gje varslar om eksplosjonar og liksnande, seier Pål Brekke ved Norsk Romsenter.