
Freya protesterte – vart sparka ut av fotballag
14 år gamle Freya Reed frå Canada har to store interesser; fotball og villaks.
Ho reagerte difor då fotballagets nye sponsor var det norske oppdrettsfirmaet Marine Harvest.
- Eg meiner selskapet forårsakar stor skade på villaksen, som er viktig langs kysten vår, seier ho.
Freya nekta å ha på seg klede med Marine Harvest sin logo på. På grunn av dette har Freya blitt sparka frå fotballaget.
Mammaen til Freya fortel at Freya ikkje føler ho har gjort noko gale, og at ho er veldig trist over å ikkje få spele for klubben lenger.
Kva meiner du? Bør ein kunne protestere mot ting sjølv om ein er ein del av eit lag?