– Sei ifrå om du opplev dette
Mange born opplever seksuelle overgrep. Da er det viktig å vita kvar ein kan få hjelp.
Seksuelle overgrep kan skje både fysisk med kroppen din og over internett.
Fysiske overgrep er viss nokon tek på kroppen din, til dømes på puppane dine, på tissen din, på rompa di eller gjer andre ting med kroppen din som du ikkje vil.
Det er òg eit overgrep dersom ein må ta på andre sin kropp på sama måte utan at ein vil det.
Det er ofte vanskeleg å snakka om at ein opplever slike overgrep. Og ofte er det vanskeleg å vita kva som er rett og gale. Mange seier det berre til vennene sine som òg held det hemleg.
Men det er viktig at ein fortél det til ein vaksen ein stolar på som kan hjelpa deg.
Det er ikkje gale å fortelja ein slik hemlegheit vidare, fordi ingen born i Noreg skal oppleva seksuelle overgrep.
Dersom det skjer seksuelle overgrep mot kroppen din skal du ikkje halda det for deg sjølv.
Dersom ein treng hjelp eller nokon å snakka med kan ein ringa eller chatte med folk som kan mykje om slike overgrep her:
Politiet: 02 800
Alarmtelefonen for born og unge: 116 117
Kors på halsen: 800 33 321