Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Caroline (12) fekk ikkje vera med på leirskule

$
0
0

Caroline (12) fekk ikkje vera med på leirskule

Caroline treng ekstra hjelp fordi ho er funksjonshemma. Mammaa til Caroline syns likevel det er trist at dottera ikkje fekk vera med på leirskule.

Caroline har ein sjukdom som gjer at hjerna hennar utviklar seg saktare enn det som er vanleg. For Caroline betyr det at ho er på sama nivå som ein 2-åring.

Caroline går til vanleg i klasse med tre andre born som òg treng hjelp i kvardagen. I tillegg høyrer ho til 7.klasse på Ytre Enebakk skule.

Mammaa til Caroline forklarar at Caroline ikkje har så mykje til felles med elevane i 7.klasse reint fagleg. Men at ho er saman med dei på fritida og medelevane hennar er veldig inkluderande.

Ho syns difor det var trist at Caroline ikkje fekk vera med på leirskule. Ho fekk vita om klasseturen på Facebook - etter at klassen vart reist.

Det går òg ei anna jente med handikapp i 7.klasse. Heller ikkje ho fekk vera med på leirskule.

Rektor ved skulen beklagar at ikkje dei sa ifrå at 7.klassen skulle på tur, men forklarar at det ikkje var naturleg at jentene skulle vera med fordi det vart lagt opp til fagleg innhald som ikkje passar heilt for jentene.

Mammaen til Caroline seier at dottera kunne hatt gleda av å leika ute og oppleva naturen.

Kva syns du om at dei med handikapp ikkje fekk vera med på leirskule?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858