Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Ville du ha drukke dette?

$
0
0
Det er mykje næring i dei delane me ikkje et av fisken. Foto: Alister Doyle/NTB scanpix

Ville du ha drukke dette?

Ikkje? Om nokre år kan det faktisk vera at du drikk fiskerestar under treningsøkta.

Det er nemleg mykje næring i dei delane me i dag ikkje et av fisken.

I dag blir desse restane brukt som grisefòr. Men forskarar arbeider med å finna ut korleis me kan bruka fiskerestane til menneskemat.

Dei har brukt hundrevis av dagar for å laga proteinpulver av fiskehovud og fiskeryggar.

Dei meiner at det er viktig at me finn fleire proteinkjelder, fordi det stadig vert fleire folk på jorda vår som treng mat og protein.

No arbeider forskarane med at proteinpulveret skal smaka betre - for akkurat no så smakar det ikkje særleg godt, seier dei.

Men om nokre år er kanskje sportsdrikken din full av proteinpulver laga av nettopp fiskehovud.

forskning.no

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858