
Løyste verdas mest berømte reknestykke
Over 20 år etter han løyste det kanskje mest berømte problemet i matematikkens historie, har han no fått Abelprisen.
Allereie som 10-åring fekk Andrew Wiles augo opp for reknestykket som ingen forstod.
Han fekk ei bok som omtala reknestykket og klarte ikkje å gløyma det.
Då han var 41 år løyste han det endeleg - 358 år sidan reknestykke først vart presentert.
- Eg visste eg måtte løyse det, har Andrew tidlegare forklart.
Andrew Wiles, som er frå Storbritannia, jobba i all hemmelegheit med reknestykket i åtte år.
No har han fått Abelprisen - som mellom anna arbeider for at born skal bli interessert i matematikk.
Kva er ditt favorittfag på skulen?
