
Kon-Tiki 2-ekspedisjonen måtte reddast
114 dagar etter at dei la frå kai måtte den norske ekspedisjonen avslutta ferda på grunn av dårleg vèr.
- Me innser at det vil ta for lang tid å nå fram til Sør-Amerika, og me foretrekker difor å evakuera slik at alle kjem i sikkerheit, seier sjefen for ekspedisjonen.
Kon-Tiki 2 la frå kai i Peru 7.november i fjor og nådde Påskeøya 43 dagar seinare.
Tidleg i januar i år skulle flåta reisa tilbake til Peru.
I går vart dei plukka opp av eit lasteskip og avslutta ekspedisjonen.
Alle om bord på flåta har det bra, men seier at dei er litt skuffa over at dei ikkje kom seg tilbake til Peru på eiga hand.
Kon-Tiki 2 skulle nemleg gjera det ingen hadde gjort før dei, nemleg reisa tilbake til Peru etter å ha vore på Påskeøya.
I går måtte dei godta at dei ikkje kom til å koma seg heilt tilbake til Peru.