Sneik seg inn på Barcelonas trening
Desse tre gutane fekk ein dag dei seint vil gløyma, då dei sneik seg inn på treninga til Barcelona tidlegare denne veka.
Gutane frå Ecuador og Uruguay lurte vaktane og fekk eit drømmemøte med fotballheltane ute på grasmatta.
Der førebudde nemleg verdsstjerner som som Lionel Messi, Neymar og Luis Suarez seg til onsdagens Champions League-kamp mot Arsenal.
Dei tre gutane vart godt motteke av fotballspelarane.
Før dei vart henta av vaktene hadde dei både sikra seg autografar og fått spelt litt ball med fotballheltane.
Kva fotballagt ville du ha trent med?