Valet i USA: Trump og Clinton med klar leiing
I natt var det val i mange av statane i USA. Dei stemmer på kven dei vil skal kjempa om å bli president i landet.
Dei kalla det Super Tuesday og er ein viktig dag i vegen fram mot valet i haust.
Grunna det er så mange som stemmer denne dagen, gir det ein klar peikepinn på kven som vert dei to presidentkandidatane.
I USA stemmer ein nemleg først på kven som skal stilla til val. Dei har to parti, Demokratane og Republikanarane, som skal stilla med kvar sin kandidat.
I natt vart det klart at Donald Trump ligg an til å verta Republikanarane sin kandidat. Han har den siste tida overraska mange med å sanka fleire og fleire stemmer.
Hillary Clinton har på si side vore ein favoritt sidan ho byrja valkampen - og fekk i natt stadfesta at dei fleste veljarane er på hennar side.
Kven trur du vinn valet i USA?