
Foto: Privat
Zuccarello fiksa date
Mats Zuccarello gjorde meir enn å score mot Columbus i går. Han hjelpte også ein Rangers-fan til å invitere kjærasten på skuleball.
– Zucc, dersom du gir meg kølla di, vil ho gå på ball med meg, skreiv Vinny Mutone på plakaten han viste fram under kampen.
Zuccarello var den siste som gjekk av isen etter 2-1-sigeren, og han fekk med seg teksten på plakaten.
Lynraskt var han borte og snakka til seg ei ekstra hockeykølle og bad ei av vaktene gi den til Vinny.
– Kjekt å kunne hjelpe ein «buddy», sa Zuccarello til Daily News etter kampen. – Fint å kunne hjelpe han til ballet.
Han signerte også køllebladet: «Ha det fint på ballet. Og far pent med henne».
Vinny Mutone er ein 18 år gammal Rangers-fan.
– Eg spurde Catherine om ho ville vere med dersom eg fekk ei kølle. «Ja, definitivt», svara ho. Og Zucca er favorittspelaren min, derfor ville eg spørje han, seier Vinny.
– Vi trudde ikkje det ville fungere, men det gjorde det, seier Vinny. – Eg blei nesten på gråten.
Mats Zuccarello is the man for this pic.twitter.com/4JthESOsMu
— Goalie Ways (@GoalieWays) March 1, 2016