
(Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy/NRK)
Potevottar til pus
Dyra som kjem til dyrlegen i Ørsta skal sleppa å frysa!
– Når dyr blir bedøva misser dei mykje kroppsvarme og dei vert alltid kalde på føtene, seier dyrepleiar Ida Maria Buzon Ose.
Nå har dei funne løysinga som gjer at dyra skal sleppa å bli kalde på operasjonsbordet. Dei små pasientane får på seg heimehekla sokkar!
– Eg hadde mykje restegarn liggande heime og fekk ideen om å hekle sokkar forklarer dyrepleiaren.
Dei har mange pasientar i forskjellige storleikar og fasongar, så det må heklast sokkar som passer til alle. Det er mykje arbeid, så Maria heklar morgon og kveld.
– Nokon syns kanskje det er litt rart, men å sjå dyret sitt med sokkar er alltid morosamt, seier ho.
(Saka er henta frå nrk.no)

(Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy/NRK)