
Ho vann årets album – for andre gong!
Taylor Swift er første kvinne til å vinna Årets album to gonger på Grammy-utdelinga i USA. Og dette var ikkje den einaste prisen 26-åringen fekk .
Førre gong Swift fekk prisen Årets album var i 2010 for albumet "Fearless". Då var ho 20 år, og tidenes yngste vinnar.
I natt fekk ho prisen for anna gong for albumet "1989".
Med det er ho den yngste som nokon gong har fått prisen, og den første kvinnelege artisten som har vunne to gonger.
Svara Kanye West i takketalen
- Som den første kvinna til å vinna prisen to gonger, ønsker eg å seia til alle kvinner der ute at det kjem til å vera folk på vegen som vil forsøka å undergrava suksessen din eller ta æra for dine prestasjonar og berømming, sa Swift i takketalen sin.
Dette skal vera eit svar til Kanye West, som i sangen sin "Famous" seier at han har æra for at Taylor Swift har blitt kjend.