Lag din eigen skuleballkjole
Det har vore mykje snakk om ballkjolar, etter at ein rektor i Bærum avlyste skuleballet grunna for mykje press på elevane.
Mange av skuleballkjolane kostar nemleg fleire tusen kroner.
Jenny Skavlan har sydd sida ho var lita.
Ho syns det er dumt at det er blitt så stort press på kva ein skal ha på seg på skuleballet - og at den riktige kjolen er så dyr.
Førre veka sydde ho difor skuleballkjolar for å syna at det ikkje treng å vera dyrt eller vanskeleg å få drømmekjolen til ballet.
På bloggen sin deler ho oppskriftene på ballkjolane, og håpar at det skal verta greitt å sy sin eigen kjole.