
Fann julestemning i hjerna
Har du nokon gong lurt på kva julestemning eigentleg er? Danske forskarar har forska på akkurat det.
Dei brukte ein hjernescannar på leit etter julestemninga.
Dei undersøkte ti personar som har tradisjon å feira jul, og ti personar som ikkje feirar jul.
Alle saman måtte dei sjå på 84 ulike bilete medan dei låg i ei maskin som målte aktiviteten i hjerna deira.
Nokre bilete handla om jul, andre ikkje.
Forskarane fann at me reagerer annleis på bileta som handla om jul.
Alle som var med i undersøkinga reagerte i større grad med den hjernedelen som er knytta saman med synet vårt, når dei såg biete som handla om jul.
I tillegg reagerte personane som til vanleg feira jul med større aktivitet i hjernedelen som har med kjenslene våre å gjera.
Forskarane veit ikkje heilt veit kvifor, men dei fann òg større aktivitet i delen av hjerna som har med fysisk aktivitet å gjera.
Sjølv om undersøkinga var morosam, seier forskarane at ein kanskje ikkje skal ta denne forskinga veldig alvorleg.
Det er nemleg mykje som kan spela inn, samt er maskina som undersøkte hjerneaktiviteten ikkje alltid like presis.
Kva får du julestemning av?
Artikkel henta frå forskning.no.