Image may be NSFW.
Clik here to view.
Clik here to view.

Bot om modellar er for tynne
Modellar i Frankrike må vise legeerklæring, altså ein lapp frå legen, for å bevise at dei ikkje er sjukeleg tynne.
Om magasin eller byrå bryt loven risikerar dei ei kjempebot på ca 700 000 kroner.
I tillegg krev loven at magasin tydeleg skal merke bilder som er retusjerte, altså at dei er fiksa på.
Med denne loven bestemmer legen om modellen er for tynn til å jobbe.
Frankrike vil ha slutt på at unge skal tenkje at syltynne modellar er normale. Dei vil hindre at unge får spiseforstyrrelsar, derfor har dei laga denne loven. I Frankrike har mellom 30 000 - 40 000 menneske denne sjukdommen. Dei fleste er ungdommar.