
Landsby lagar all straum sjølv
Den vesle landsbyen Feldheim i Tyskland lagar all straum og varme sjølv.
Då prisane på straum og energi vart høgare i 2008, bestemte dei 130 innbyggjarane i Feldheim seg for laga all straum sjølve.
Tyskland har dei siste åra satsa på fornybar energi. Altså energi som ikkje forureiner.
Innbyggjarane kopla seg av det nasjonale straumnettet. Vidare fekk dei hjelp til å få på plass biogassanlegg, solcellepanel og vindmøller.
I dag lagar dei all straumen sin sjølv.
I tillegg til billeg straum får dei òg arbeidsplassar. Straumen som dei ikkje brukar sjølv, sel dei vidare.
Mange har lyst å få til det sama som Feldheim. Difor kjem det kvart år fleire tusen menneske for å læra av den vesle landsbyen.