Image may be NSFW.
Clik here to view.
Clik here to view.

I dag spelar dei kvartfinale
I kveld møter Noreg Montenegro i kvartfinale i handball-VM.
Dei norske jentene slo på søndag Tyskland og vart med det klare for nok ein kvartfinale i eit meisterskap.
I kveld må dei slå Montenegro for å koma seg vidare i VM.
Mange har stor tru på jentene i raudt, kvitt og blått.
Dei ti siste åra har nemleg kvinnelandslaget i handball vore i toppen i både OL, EM og VM:
2004: EM-GULL
2006: EM-GULL
2007: VM-SØLV
2008: EM-GULL og OL-GULL
2009: VM-BRONSE
2010: EM-GULL
2011: VM-GULL
2012: EM-SØLV og OL-GULL
2014: EM-GULL
Kva plass trur du Noreg kjem på i år?