
Heidrar hunden Diesel
I går arresterte politiet i Paris fleire menneske dei meiner stod bak terroren i Paris.
Hunden Diesel var med og hjalp politiet, men vart drept under arrestasjonen.
No får Diesel hundrevis av støttemeldingar på Twitter.
Mange meiner han har gjort ein god jobb for Frankrike, at han fortenar ein medalje og at han er ein nasjonal helt.