
«Skeiv veke» på skule i Stavanger
Elevane på Gosen ungdomsskule er lei erting av dei som er homofile og lesbiske, altså dei som er forelska i nokon av samme kjønn.
Difor arrangerar dei landets fyrste skeive skuleveke!
- Sjølv om du har ei anna seksuell legning er du like mykje verdt, seier elevrådsleiar Karoline Krag.
Målet med veka er å informere og gjere det lettare for unge å si at dei er homofile og lesbiske.