Kva skjer med pengane våre?
Det har vore mykje snakk om pengar, Oslo Børs og ei krise i Kina siste veka. Men kva er det eigentleg dei vaksne snakkar om?
- Oslo Børs er nesten som eit torg eller ein butikk, seier Per Eikrem, som jobbar på Oslo Børs.
I denne butikken kan ein kjøpa noko som ein kallar aksjar. Desse aksjane er små delar av ei bedrift. Kjøper du ein aksje i til dømes Telenor, vert du med å eiga litt av Telenor.
Lær meir om aksjar her.
Grunnen til at det har vore mykje snakk om børs og aksjar siste veka er fordi det har gått litt dårlegare på Kina sin børs. Dei kinesiske bedriftene tener altså ikkje like mykje som dei har gjort siste tida.
Sjølv om Kina er langt vekke, er det mange som har vorte redde for pengane sine her i Noreg.
Sjå meir i videoen over.