
Aksjar på 1-2-3
Det kan vera vanskeleg å skjønna kva dei vaksne snakkar om når dei pratar om pengar – men det treng det ikkje vera.
Ein aksje kan ein seia er ein liten del av ei bedrift. Brukar du sparepengane dine på å kjøpa til dømes ein aksje i Telenor, vert du med å eiga litt av Telenor eller Statoil.
Mange vel å bruka sparepengane sine på å kjøpa slike aksjar i staden for å setja pengane i banken. Det gjer dei fordi dei kan tena store pengar på aksjane. Dersom til dømes Telenor tener mykje pengar, vil dei som eig aksjar i Telenor òg tena pengar.
Men det er mykje usikkerheit knytt til desse aksjane. Dersom då Telenor tener dårleg, kan dei som har kjøpt aksjar i Telenor tapa pengar. Då sit ein igjen med mindre sparepengar enn det ein hadde til å byrja med.
Butikken der ein kjøper og sel slike aksjar i Noreg kallar ein Oslo Børs.