Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Turke trugar afrikanske jentebabyar

$
0
0

Turke gjer at ti prosent fleire jentebabyar enn gutebabyar døyr i løpet av det fyrste leveåret.

Forskarar har funne ut at ekstremvær kan ha ei påverking på om babyar døyr i Afrika.

Med ekstremvær blir det mindre mat, og då er det mange som ikkje har råd til å halde alle i familien i live, skriv forskning.no

Då blir ofte gutar valt over jenter, og mange unge jenter døyr.

Mange meiner at det er viktigare at gutane overlev, då dei har større sjanse til å gå på skule og få jobb enn det jenter har.

Familiar er difor meir avhengige av at ein gut kan tene pengar til resten av familien. Det kan forklare kvifor det er viktigare for mange at det er gutane som overlev når det er lite mat.

Når det blir ekstremt lite nedbør og veldig mykje turke er det vanskeleg å få nok vatn og drikke.

Då må ofte mødrer jobbe meir og ha mindre tid til å ta vare på borna.

Forskarar er redde for at ekstremvær vil skje oftare i Afrika framover, og at det er viktig å hjelpe til for å gjere at færre jenter døyr.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858