Ein ny app som gjer at ein kan sende spørsmål anonymt til andre brukarar, er blitt stengt for nedlasting frå skulenettverket i Trondheim fordi unge vart mobba, fortel Adresseavisa.
"Du er stygg, og har berre ein venn.." "Kvifor er du så feit og stygg?" er nokon av meldingane som ungdommar har sendt anynomt til folk på skulen sin.
Stengte Ask.fm i fjor
Ask.fm har lenge vore ein populær app blant ungdom. Her kan ein sende kvarandre spørsmål og få svar.
Appen har blitt kalla "mobbeappen" og vart stengt på elevnettet i Trondheim allereie i fjor.
Ny mobbeapp
No ser det ut til at appen Kiwi-Q&A også er blitt ein mobbeapp.
På denne appen kan ein sende meldingar til andre utan å seie kven ein er.
– Vanskelig for oss voksne å følge med
Det var Ungdommens bystyre som i juni tok kontakt og fekk stengt appen i Trondheim.
– Det er flott at ungdommane tar tak i dette. Det er vanskeleg for oss vaksne å følge med på slike appar, seier Kari Morken i Trondheim IT-avdeling til Adresseavisa.