Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

– Ikkje farleg å eta kylling

$
0
0

Kyllingen har skapt store overskrifter denne veka. Men helseminister, Bent Høie, seier at me ikkje skal vera redde for å eta norsk kylling.

Om lag halvparten av norske kyllingar er smitta av ein bakterie som gjer dei motstandsdyktige mot ein type antibiotika.

Legane er redde for at dersom me et kylling som er smitta, så vil denne typen antibiotika kanskje ikkje verke på oss menneske lenger heller.

Det vil føra til at ein vil måtte trenga ny medisin mot alvorlege sjukdomar, som antibiotika vanlegvis er medisin mot.

 Men ein vert ikkje sjuk av å eta kylling, og det er ikkje farleg.

– Ikkje farleg

–  Det er ikkje farleg å eta kylling, seier helseministaren Bent Høie.

Bakteriane som kyllingane har fått vil forsvinna når ein steiker kjøttet.

Han seier det er viktig med gode kjøkkenhygiene når ein lagar mat med kylling.

– Vask henda!

Dei som jobbar i Mattilsynet er einige med helseministaren.

– Det er nok å vaska hendene. Me lever ikkje i ei steril verd, så det er viktig å vaska hendene før ein handterer alle typar mat, poengterer tilsynsdirektør ved Mattilsynet, Ole Fjetland.

Dei likar ikkje at nokon vert redde, og seier at viss ein fylgjer dei seks råda (i faktaboksen) så vil ein unngå å få bakterien.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858