Sommarferien nærmar seg, og ein del av dykk skal kanskje på flyge til andre plassar i ferien.
Då er det kanskje fleire enn 11 år gamle Aksel som lurer på følgjande spørsmål: Er det farleg å vere inn i eit fly som vert treft av lynet?
Aksel var lur og spurte meteorologane som jobbar for Yr, og dei har kome med eit svar som kan glede alle som lurer på det same.
Flyet vernar oss
For at det skal oppstå lyn og tore, må ei sky som heiter Cumulonimbus (Cb) vere til stades på himmelen.
Måten denne skya er bygd opp og røyrer seg, gjer at den kan føre til kraftige regnbyer og haglbyer, gjerne også med lyn.
Dersom eit fly går gjennom ein slik Cumulonimbus-sky, kan lynet av og til slå ned i flyet.
Dette er derimot ikkje farleg, har Widerøe-flygar Erlend Larsen tidlegare forklart til VG.
Flyet fungerer nemleg som eit beskyttande metallbur, og det er dessutan lynavleiarar på alle rora på flyet.
Eit lyn som treff flyet, vil følgje utsida av flyet og forsvinne ut frå lynavleiarane på rora. Det kan smelle høgt, og ein kan oppleve sterke og blendande lys.
Det kan også lukte svidd, som av krut. Difor er det ikkje så rart at mange passasjerar kan bli skremt av ei slik oppleving.

Slik kan ei Cumulonimbus-sky sjå ut frå flyet. Namnet er latinsk, og direkte omsett betyr det «haug» og «regn». «Haug» kjem av måten skyen byggjer seg opp med utvekstar og tårn som kan minne om blomkål. «Regn» kjem av at det regnar eller haglar frå ei slik type sky. (Foto: AFP PHOTO/Karen Bleier)
Sjekkar alltid fly som har blitt treft
Lynnedslag i fly skjer ofte, ifølgje Harald Johnsen i SAS.
Det kan difor vere fint å vite at eit fly som har blitt treft av lynet vert ståande på flyplassen inntil det har blitt undersøkt av flymekanikarar.
- Det er ein standard rutinesjekk som utførast etter lynnedslag. Det er for sikkerheits skuld, for å sjekke at ingen instrument vart øydelagd av lynnedslaget, har Lars Wachendorf sagt til TV2 tidlegare.
Wachendorf er stasjonssjef for Lufthansa i Noreg, og veit difor mykje om dette.
Han seier også som Erlend Larsen, at lynnedslag i fly ikkje er farleg.
- Tekniske delar kan bli øydelagde, seier han.
Det er likevel inga grunn til å bli redd, for ifølgje Wachendorf veit pilotane godt korleis dei skal lande oss passasjerar trygt, sjølv om lynet treff flyet.
Denne artikkelen er henta frå yr.no, og er skriven av statsmeteorolog Unni Nilssen.