Då den faste sjåføren på russebilen måtte melde avbod, enda mamma Ann Elisabeth Haram opp bak rattet. – Ei strålande løysing, seier Trygg Trafikk.
Dei seks russane frå Ålesund har kjøpt ein personbil med plass til åtte og i helgene brukar dei ein 20-åring som sjåfør på bilen. Han kunne ikkje stille ei av nettene og då mor til Sofie Haram Støylen (18) fekk høyre at dei mangla sjåfør til festen, melde ho seg til teneste.
Det var mest meint som ein spøk, for ho trudde ikkje at russegjengen ville ha ei vaksen dame bak rattet. Men dei takka ja til tilbodet. Mamma Ann Elisabeth Haram gjorde det klart at ho ikkje ville vere med på festen, men kunne køyre dei dit dei ville.
– Eg køyrde dei litt hit og dit før festen. Då vi kom inn i eit byggefelt med dundrande høg musikk på anlegget, skrudde eg ned volumet diskret eit hakk ned. Eg ville jo ikkje vere ei partybremse heller, ler Haram.
Ikkje ein av gjengen
Dottera Sofie synest det er heilt greitt å bruke mamma som sjåfør og kjem til å spør igjen dersom dei har behov.
– Eg merka jo eigentleg ikkje noko av mamma og ho prøvde ikkje å bli ein av gjengen. Det er betre at mamma er sjåfør enn ein framand ungdom som kanskje vil tøffe seg litt i trafikken, seier Støylen.
Foreldre bør stille opp
Distriktsleiar i Trygg Trafikk, Erik Hartmann, synest løsyinga til ålesundsrussen er bra. Det er ikkje ofte at han høyrer at foreldre stiller som sjåfør på russebilen.
– At mor stiller som sjåfør er heilt strålande. Det er slik det skal vere, seier Hartmann.
Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Malin Kjellstadli Korsnes.