Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Sykkelritt og konfirmasjon på samme dag

$
0
0

Sykkelrittet Tour of Norway gjer folk i Hole i Buskerud irriterte. Rittet går nemleg forbi Hole kyrkje samtidig som det er konfirmarsjon der. Mange av foreldra til konfirmantane er redd for at det skal bli kaos.

Syklistane kjem frå heile verda, og rittet visast på TV i mange land.

- Eg er stolt av Hole. Difor vil eg gjerne vise det fram på TV for store delar av verdas befolking, fortel leiaren av Tour of Norway, Birger Hungerholdt.

Det forstår foreldra, men dei meiner pinsa og konfirmasjonshelg er eit dårleg tidspunkt.

No jobbar kyrkja med å finne ei løysing slik at det skal vere mogeleg å komme seg fram for både gjestane, bilane og syklistane.

- Me har vore redde for at det skal vere for mykje støy, men me har løyst det ved at motorsyklane køyrer ein annan veg forbi kyrkja. På den måten slepp me både høg lyd av syklar og megafonar midt i konfirmasjonsgudstenesta, seier kyrkja i Hole.

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858