Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Dette trikset skal ingen ha klart før!

$
0
0

Den 19 år gamle twintip-køyraren og Red Bull-utøvaren Øystein Bråten frå Torp i Hallingdal har gjort noko som aldri har vorte gjort før.

Han var nyleg på besøk i hagen til tidlegare proff skikøyrar Andreas Håtveit i fjellbygda Sudndalen.

Roser og finklipt hekk vart bytta ut med rails og hissige, heimesnekra hopp – den perfekte settingen for Øystein sitt prosjekt: Å bli verdas første til å gjennomføre ein flip på og flip ut av ein rail. 

Det skulle ikkje bli heilt enkelt.

I tillegg til ein intens treningsdag på førehand, måtte Bråten gjennom 30 mislukka hopp og ein kraftig smell, men endeleg satt det.

 – Det var veldig gøy. Det er eit triks eg har tenkt på ei stund at det hadde vore kult å få til. Vanvittig gøy at det klaffa og funka. Det var ei deileg kjensle, fortel ein svært stolt Øystein.

Her er twintip-trikset til Øystein i fotomontasje. (Foto: Privat)

Her er twintip-trikset til Øystein i fotomontasje. (Foto: Privat)

– Han er «kungen av rails»

Ein ellevill Andreas Håtveit var kjempenøgd med resultatet.

 – Det her kan ikkje vere noko anna enn godkjent. Søren så clean den mistyen var. Han er jo kungen av rails han guten der!

Spådd lovande framtid som proffkøyrar

Allereie som 19-åring har Øystein lagt bak seg ni år på twin-tip.

Dessutan har han publisert fleire virale editer, sikra seirar i konkurranser som Total Fight, Red Bull Playstreets og European Freeski Open, og deltatt i vinter-OL i Russland der han hamna på tiande plass.

Øystein går i fotspora til dei anerkjende skikøyrarane Andreas Håtveit og PK Hunder, og er spådd ein lovande framtid som proffkøyrar.

Sjå heile videoen her:


Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Arve Lote. 

Kva er ditt beste triks?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858