Det er spisetid på Kastellet skole i Oslo. Vennegjengen har tatt med seg matboksen og skal nyte friminuttet eit par meter over bakken.
![Høgt heng dei.... men er langt frå sure. Sara Oline syns det er gøy å klatre i tre, sjølv om det nokre gonger er litt skummelt. (Foto: Martin Jahr / NRK)]()
Høgt heng dei.... men er langt frå sure. Sara Oline syns det er gøy å klatre i tre, sjølv om det nokre gonger er litt skummelt. (Foto: Martin Jahr / NRK)
– Du kan klatre så høgt du vil, berre du klarer å klatre ned igjen, seier Ingebjørg, som lynraskt flyttar små hender over tjukke greiner.
Forskarar ved Norsk institutt for naturforsking har funne ut at norske born leikar mindre ute i naturen no enn tidlegare.
Dette vil Norsk speiderforbund gjere noko med.
I samband med Friluftslivets år i år, oppmodar dei difor alle born til å gjere meir som Ingebjørg og venane hennar.
– Å klatre er ein naturleg del av det å vekse opp. Born må få leike, fomle og famle i naturen på eigen hand, seier prosjektleiar i speiderforbundet, Jørgen Moland.
Klatreråd
Saman med Norges Klatreforbund lager dei no eit klatredikt , som dei har kalla "KlaTREregla.
Dessutan har dei lagd fem enkle klatreråd til born og vaksne som ynskjer å ha det gøy i tre.
– Dei vaksne har ansvar for å leggje til rette for at borna får trygge erfaringar med treklatring. Vi håper råda kan inspirere foreldre til å vegleie borna sine, seier president i klatreforbundet, Reidun Bolsø.
– Klatring er innmari gøy, fortel ho vidare.
Ho syns også born sjølv må få finne ut kva forskjellige greiner tåler, at for eksempel tjukke greiner tåler meir enn tynne greiner.
Råda skal gi tips om både klatreteknikkar og korleis du finn eit godt klatretre.
Det viktigaste er likevel å seie frå til folk at alle klatrar på eige ansvar, og at vi må finne ut våre eigne grenser og følgje dei.
– Vi vil dele kunnskap om korleis uteaktivitetar som klatring kan gjerast på ein trygg måte. Slik vert born meir rusta til å klare seg sjølv, samtidig som dei blir trygge og glade i naturen, seier Jørgen.
![Prosjektleiar i Norges speiderforbund, Jørgen Moland, har funne sitt favorittre, og håper no at resten av landet følgjer etter. (Foto: Julie Maske / DNT)]()
Prosjektleiar i Norges speiderforbund, Jørgen Moland, har funne sitt favorittre, og håper no at resten av landet følgjer etter. (Foto: Julie Maske / DNT)
Finn ditt tre
23. april går startskotet for ein stor og landsdekkjande kampanje der dei fem klatreråda skal lanserast.
– Vi håper så mange som mogleg finn seg eit tre, klatrar ein eller to meter, og så får ein ven til å ta eit bilete som delast på nettet, seier Jørgen.
Han meiner alle har godt av å kjenne på den kjensla det å meistre treklatring gir, sjølv om det kan sjå skummelt ut.
Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Tine Nilsen og Martin Jahr.
Har du eit tre du likar å klatre i?