Mange norske helsearbeidarar har i dei siste vekene meldt seg for å delta i kampen mot ebola i Vest-Afrika. Rundt 400 legar og sjukepleiarar ynsker delta i hjelpearbeidet.
Turid Andreassen er sjukepleiar og har akkurat kome heim til Bergen frå Sierra Leone. I fem veker har ho jobba på eit Røde Kors-sjukehus med pasientar som er ramma av ebola, og har med seg sterke inntrykk heim.
– Du ser at familiar forsvinn, og små landsbyar blir halverte, seier Andreassen.
Minst 5000 menneske i Vest-Afrika er smitta av ebolaviruset. No er Noreg eit av dei landa som trappar opp innsatsen mot ebola.
Folk ynskjer å bidra
Talet på norske helsearbeidarar som vil bidra i kampen mot ebola mangedobla seg dei siste vekene, og rundt 400 legar og sjukepleiarar har meldt seg for å reise til Vest-Afrika.
Dei neste ni månadane skal 200 norske helsearbeidarar sendast til Sierra Leone for å ta imot ebola-pasientar på eit norsk-britisk sjukehus.
Helseminister Bent Høie er klar på at dei som reiser til ebolaramma område samtidig utsett seg sjølv for ein stor risiko.
– Det seier mykje om kor uegoistiske norsk helsepersonell er, seier helseminister Bent Høie.
Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Kari Nygard Tvilde og Kaspar Knudsen.