Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Fann verdifull gullring på skattejakt

$
0
0

– Metalldetektoren byrja å pipe, så då starta vi å grave. Og eit stykke ned i bakken, under ein stein fann vi den, seier Heine Molnes.

Det var i starten av juni at Heine og kompisen Jonas Kvamme frå Ålesund bestemte seg for å leite etter skattar. Det tok ikkje lang tid før dei to gutane oppdaga noko heilt spesielt

– Jonas tok han med bort til sjøen og fekk vaska av den. Då såg vi at det var ein ring, seier Heine.

Metalldetektoren hadde Heine fått av besteforeldra til bursdagen, og dei to gutane var dermed klare for skattejakt.

– Fyrst tenkte eg, oj, kva er dette? Når vi såg at det var ein ring synest vi det var veldig stilig, seier ein engasjert Heine.

Dyr ring

Denne ringen fann gutane etter å ha gravd ein meter ned i bakken.  Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Denne ringen fann gutane etter å ha gravd ein meter ned i bakken.
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Gullringen blei levert inn til ein gullsmed som fann ut at han var verdt 30 000 kroner.
Eigaren blei etterlyst, og etter mykje detektivarbeid blei ho funnen. Det viste seg at ringen blei mista for om lag ti år sidan. Kristin Krohn Delvold vart veldig glad da ho kom til gullsmeden og fekk sjå att ringen sin.

– Det var eit kjært minne. Eg fekk han av faren min enten til 30 eller 40-års dagen min. Så det var frykteleg artig at ringen kom tilbake. Eg leita i ti år før eg kjøpte meg ein ny, seier ho.

Ga ringen tilbake

Her får Kristin Krohn Devold tilbake ringen sin etter ti år.

Her får Kristin Krohn Devold tilbake ringen sin etter ti år.

I går var alle samla hjå gullsmeden slik at Heine og Jonas kunne gje ringen tilbake til eigaren.

– Vær så god, seier Heine og gir frå seg ringen.
– Tusen takk, seier Devold før ho gir gutane ein god klem.

Fekk finnarlønn

Dei to skattejegerane fekk sjølvsagt finnarlønn.

– Det skulle berre mangle. Det er heilt fantastisk at dei fann ringen min, sier ein gald eigar.

Og de to tar gjerne nye oppdrag om nokon skulle sakne noko.

– No er vi ferdige med å leite der vi fann denne ringen, så no skal vi leite på andre strender, seier dei.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858