
FOTO: ANNE-MARI FLATSET / NRK
Her er lærarane på mobbekurs
Fleire alvorlege mobbesaker gjer at rektorar og lærarar i Møre og Romsdal har sett seg på skulebenken for å bli betre på å avsløre mobbing.
Det er skulen sitt ansvar dersom eit barn føler seg mobba og skulen er pliktig til å gjere noko.
Men det er ikkje alltid så lett å oppdage mobbing.
Difor har rektorar og lærarar på Nordmøre no starta på eit eitt-åring kurs for å bli betre til å oppdage mobbing.
Har du nokon tips til lærarane?
Artikkelen er frå nrk.no og er skriven av Malin Kjellstadli Korsnes og Anne-Mari Flatset.
Fakta om mobbing
- I Elevundersøkelsen 2015 svarte om lag 16.500 born at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller meir.
- Verbal mobbing og utestenging er mest vanleg.
- To prosent rapporterte at dei hadde opplevd å bli slått, sparka eller haldne fast slik at dei vart redde to til tre ganger i månaden eller meir.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Barneombudet