Kan få medalje med Cerebral parese
Boccia-Roger kan vinne medalje i Paralympics som denne veka startar i Brasil.
Men sjølv om Boccia er den einaste idretten som eignar seg for ein mann med Cerebral parese, er det ikkje dermed sagt at det er ein god kombinasjon.
(Celebral parese vert ofte forkorta til CP, og er det ein kallar ei rekkje sjukdomar som påverkar muskelkontrollen din. Sjukdomen kjem av ein varig eingongsskade på hjerna).
– Med CP har eg jo veldig mykje spasmer og kan ikkje sitje roleg. Boccia er ein presisjonsidrett, så det passar ikkje heilt saman. Det er derfor det er så kult, smiler Roger.
51-åringen blei kjent som Boccia-Roger da han tok bronse i Paralympics, åtte år etter han tok sølvmedaljen i Athen.
– Det var veldig morsomt. Det var mange som kjente meg igjen på gata, og det er ikkje daglegdags for ein bocciautøvar. Eg blei kanskje ein slags K-kjendis, ler han.
Saken er fra nrk.no og er skrevet av Gjermund Midtbø