
Meiner han kan fjerna all plast i verdshava
22 år gamle Boyan Slat meiner han har funne ein måte ein kan fjerna all plast frå verdshava.
Forskarar reknar at det flyt fleire millionar tonn plast rundt i hava våre.
– Plast i havet er eit enormt problem. Det skadar økosystemer, artar vert utrydda, og så endar det opp i maten vår, seier Slat.
Han meiner at flytande barrierer i havet kan vera løysinga, og at dei lange barrierane kan samla opp all plasten i havet på nokre år.
No reiser han rundt for å samla inn pengar til prosjektet.
Han seier at det er mange som er engasjerte i ideen hans.
Kva trur du? Kan flytande barrierer reinsa verdshava?