Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Kongen blir hylla på sosiale media

$
0
0

Kongen blir hylla på sosiale media

Kongen talte i går under ein hagefest. I dag er talen sett av nesten 1 million.

Kong Harald og dronning Sonja inviterte 1500 gjester frå heile Noreg til hagefest i går. Det var nemleg opninga av ein bileteserie som skal stå i parken der hagefesten vart halde.

Men det er ikkje bileta som har fått merksemd i ettertid. Det er Kongen.

Kongen opna med ein tale som går sin sigersgang på internett. Videoen av talen er delt over 20 000 gonger.

- Nordmenn er unge og gamle. Høge og låge. Funksjonsfriske og rullestolbrukarar. Noreg er dykk. Noreg er oss, sa Kongen.

Mange syns det Kongen hadde å seia var så fint at han no vert hylla på sosiale medier.

Han avslutta talen med å seia at hans største håp er at me skal ta vare på kvarandre, og at trass me er ulike er eitt folk.

Sjå talen øvst i saka.

Kva syns du om talen til Kongen?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858