
MGP jr 2016 utseld på 1 minutt
Billettane til MGPjr-finalen 5.november vart selt ut på berre eitt minutt i dag.
Dei 15 jentene og gutane som skal stå på scena om to månadar vil altså opptre for ein fullsatt sal.
Det er Nicolay Ramm og Ingrid Gjessing Linhave som skal leia showet.
Ingrid har tidlegare vore programleiar for MGP jr, medan Nicolay var sjølv deltakar i den aller første MGP jr i 2002.