Marcus & Martinus større enn aldri før
Tvillingane frå Trofors i Nordland ligg ikkje på latsida og er no meir populære enn nokon gong.
I heile sommar har dei reist land og strand for å halda konsertar for elleville fans.
Og det er ikkje berre i Noreg at interessa for tvillingane aukar.
I Sverige måtte fornøyelsesparken Liseberg stenga inngangen på grunn av alle som hadde møtt opp for å sjå Marcus og Martinus.
I haust kan fansen gleda seg over at gutane kjem både med album, eigen TV-serie og bok. Til neste år kjem kinofilmen om Marcus og Martinus.
Det ser ikkje ut til at 14-åringane får mindre å gjera framover, for fansen - dei elskar Marcus og Martinus.
Kva trur du? Kan duoen bli verdskjent?