
FOTO: JOHANSEN, ERIK / NTB SCANPIX
Vil ha Pokémon Go på skulen
Om ekspertar får det som dei vil, kan Pokémon Go bli eit verktøy for å lære om lokalhistorie.
– Det blir kanskje ikkje like mykje speling som det har vore i sumarferien, for vi har jo lekser og skule, seier Ida Skappel.
Ho er i Frognerparken i Oslo for å gjere siste innspurt i den digitale Pokémon-jakta før sumarferien er over.
I sumar har mobilspelet Pokémon Go rast som ein farsott over verda.
Men om norske spelpedagogar får det som dei vil, treng ikkje skulestart bety slutten for Pokémon-spelinga til Skappel.
Ifølgje Tobias Staaby, spellærar i Bergen, passar mobilspelet Pokémon Go godt til undervisning, til dømes i historie.
– Spelet er av og til er knytt til historiske minnemerke, der spelarane får opp litt tekst med informasjon om det dei ser.
– For eksempel kven ein statue er av. Slik kan spelet nyttast i eit prosjekt i lokalhistorie.
– Elevane går ut og leiter etter slik informasjon i nærleiken av der dei bur, og skriv ei oppgåve om det dei finn, seier Staaby.
Er dette ein god idè?