Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

3-åring ute åleine i natt

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Sogndal på Vestlandet: Politiet fekk kontakt med far til jenta like før klokka 09.
FOTO: ALF VIDAR SNÆLAND

3-åring ute åleine i natt

Far melde seg for politiet etter å ha funne soverommet tomt. Treåringen har opna dører og komme seg ut.

Det var i femtida i natt at politiet fekk melding om at ei lita jente var funnen ute på eigahand. Politiet anslo at ho var i to – treårsalderen.

– Jenta ber tydeleg preg av at ho har stått opp og gått ut på eigahand. Ho er lettkledd. Ho er lyshåra og lys i huda.

Jenta vart funnen av folk som såg henne i femtida laurdag morgon. Far vart sett i kontakt med dei som tok hand om jenta.

– Ho sov då han kom dit, men eg vil tru at gjensynsgleda er stor, seier Ole Tom Nord i politiet.

– Frå heimen i Sogndal til staden ho er funnen er det rundt 2 -3 km. I området er det fleire store vegar der det kan vere stor trafikk, men det er ikkje godt å spekulere korleis jenta har bevega seg.

Faren hadde leita heime i huset, og tatt seg ein tur ut for å leite i nærområdet der ein nabo hadde fått med seg meldinga om at ei lita jente var teken hand om av politiet.

Frå nrk.no: Tone Lin Støfring Skovro.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858