Her lærer dei om tryggleik på sjøen
Meir enn hundre framtidige båtførarar møtte opp då Kartverket inviterte til open dag for å læra om kart, livredning og knutar.
Sommar er tid for sjø og båtliv, men det er viktig å vera trygg når ein skal ut og kosa seg.
– Eg får det ikkje til!
– Du ek det tauet, held langt her nede, så tek du den over sånn ...
Mari Paulsen Longfjeld og Frida Simonsen må unngå krøll på tauet når dei skal laga eit korrekt halvstikk. Saman med meir enn hundre andre har dei vore på besøk hos kartverket i Stavanger for å læra om tryggleik til sjøs og å lesa sjøkart.
– Me lærte å laga knutar, og så lærer me om kart og om livredning, og sånne båt-ting, seier Mari.
– Om me køyrer båt for eksempel, og me skal laga ein knute, så kan me gjera det, sidan me veit korleis me gjer det nå, seier Frida.