Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Fotballmirakel for Island

$
0
0

Fotballmirakel for Island

Slo England ut av fotball-EM.

– Det er heilt utruleg. Dette blir sjukare og sjukare, bryt NRKs ekspertkommentator Tom Nordlie ut.

Island med 330.000 innbyggjarar er i kvartfinalen i fotball-EM. England med over 50 millionar menneske er ute, igjen.

Sjokk-kampen enda 2-1. Wayne Rooney (3) scora England sitt eine mål, Ragnar Sigurðsson (4) og Kolbeinn Sigþórsson (16) setet inn Island sine vinnarmål.

– Me var det beste laget. Me var betre i alle fasar av spelet. Me lærer verda å spela fotball. Me kan gjera kva me vil nå, seier Hermann Hreidarsson i NRK sitt studio på Kontraskjæret.

Med sigeren er Island klare for kvartfinale mot Frankrike førstkomande sundag.

– Dette var episk og ubeskriveleg og meir enn ein siger i ein fotballkamp. Det er eit eventyr, seier Island sin keeper, Hannes Halldorsson.

For dette har vore eit eventyr for Island. Dei kom til EM som store underdogs. Nå er dei blant de åtte beste laga.

– Det var den største kampen i Island sin fotballhistorie, seier Halldorsson.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858