Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Kva er Brexit?

$
0
0

Kva er Brexit?

I morgon skal det britiske folk nok ein gong stemma over om dei skal vera medlem i EU eller ikkje.

EU - som står for den Europeiske Union - er eit samarbeid mellom mange land i Europa. Der samarbeider dei mellom anna om handel og militær.

Det britiske folk har heilt sidan dei vart medlem i 1973 vore svært usikre på om dei eigentleg har lyst å vera medlem i EU.

For å få vera medlem i EU må ein følgja mange reglar, og det syns mange britar er dumt. Dei syns at politikarane i Storbritannia skal bestemma sjølve.

På den andre sida er det mange som syns det er bra å vera medlem i EU på grunn av alle fordelane dei får med handel - og at det er ei god økonomisk sikkerheit.

Akkurat no er det vanskeleg å seia noko om kva det britiske folket bestemmer seg for. Så langt ser det ut til at det er om lag like mange på kvar side.

Dersom britane faktisk stemmer nei til EU - så vert dei det første landet i historia som melder seg ut av den Europeiske Union.

Mange er redde for at dersom Storbritannia melder seg ut, så vil fleire andre land òg melda seg ut. Det kan bety slutten for EU.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858