Kor gamal er det mogleg å bli? Det er vanskeleg å seie heilt sikkert, men verdas eldste nolevande person fylde i alle fall nyleg 116 år!
Det er den japanske kvinna Misao Okawa som onsdag kunne feire sin 116. bursdag med kake på eldresenteret ho bur på. Fru. Okawa blei fødd i 1898 og er sprek for alderen. Favorittmaten hennar er sushi, og når ho blir spurd om løyndomen bak den høge alderen sin, svarar ho:
– Ein må passa på helsa si!
PS.: Verdsrekorden i høgast levealder høyrer til ei fransk kvinne som døydde i 1997. Ho blei 122 år gamal!