Sjekk denne reaksjonen på Marcus og Martinus
Ingeborg (12) skriv historier om Marcus og Martinus. Her får ho sjå når popduoen les eitt av innlegga hennar.
For nesten eit år sidan starta Ingeborg å dela historier som ho sjølv har skrive på nettstaden Wattpad.
Det er ei nettside og ein app der kven som helst kan leggja ut sjølvskrivne historier.
Ingeborg har vore fan av Marcus og Martinus sidan dei vann Melodi Grand Prix jr i 2012. Det var difor sjølvsagt at det var gutane frå Trofors i Nordland som skulle vera tema for historiane hennar.
I dag har nesten 40 000 lese "Marcus og Martinus - De beste gutta" av Ingeborg.
Ho har skrive over 60 kapittel og historia strekkjer seg over to sesongar.
I klippet over får ho sjå når Marcus og Martinus les eit av innlegga hennar.