Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Zlatan forlèt PSG

$
0
0
Foto: Nicolas Tucat/ AFP

Zlatan forlèt PSG

«Min siste match på Parc Des Princes blir i morgon. Eg kom som ein konge, og reiser som ein legende», skriv Zlatan på Facebook og Twitter.

Zlatan kom til Paris Saint-Germain  sommaren 2012. I løpet av dei snart fire åra i klubben har han skåra 152 mål på 178 kampar.

Fotballspelaren frå Malmö i Sverige har vore svært viktig for laget. Heile tre gonger har han blitt kåra til årets spelar.

Zlatan sin aller siste kamp for PSG blir cupfinalen mot Marseille 21. mai. Deretter skal han gjera seg klar til EM med det svenske landslaget.

Mange lurer på kva klubb Zlatan no skal spela for, men enn så lenge er det uklart kva drakt me vil sjå fotballhelten i neste gong.

Kva lag trur du Zlatan skal spela for?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858